Frozen II
Regi | Jennifer Lee, Chris Buck | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Jennifer Lee | ||
Produsent(ar) | Peter Del Vecho | ||
Manus | Jennifer Lee, Allison Schroeder | ||
Stemmeskodespelar | Kristen Bell, Idina Menzel, Jonathan Groff, Josh Gad, Evan Rachel Wood, Sterling K. Brown, Martha Plimpton, Santino Fontana, Alfred Molina | ||
Klipp | Jeff Draheim | ||
Musikk | Kristen Anderson-Lopez | ||
Produksjonsselskap | Walt Disney Pictures, Walt Disney Animation Studios | ||
Distributør | Walt Disney Studios Motion Pictures, Disney+ | ||
Utgjevingsdato | 29. november 2019 (Venezuela), 21. november 2019 (Folkerepublikken Kina),[1][2] 20. november 2019 (Tyskland),[3][1] 22. november 2019 (Storbritannia),[4] 23. november 2019 (Hongkong),[4] 28. november 2019 (Russland),[4] 27. november 2019 (Italia),[4] 27. desember 2019 (Litauen),[4] 6. desember 2019 (Sør-Afrika)[4] | ||
Lengd | 103 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 1 119 151 068 US-dollar (verdsfemnande),[5] 399 249 034 US-dollar (USA)[6] | ||
Sjanger | familiefilm, fantasyfilm, eventyrfilm, dramafilm, filmmusikal |
Frozen II (norsk tittel: Frost II) er ein amerikansk dataanimert fantasy-filmmusikal, produsert av Walt Disney Animation Studios og distribuert av Walt Disney Pictures. Han er ein oppfølgjar til 2013-filmen Frozen og er regissert av Chris Buck og Jennifer Lee.
Filmen vart vist fram første gong 7. november 2019 og hadde verdslansering 22. november same månad. I Noreg og dei andre skandinaviske landa hadde filmen premiere 25. desember. Filmen hentar ein del inspirasjon frå samisk kultur og kom i Noreg ut i både ei norsk- og ei samiskspråkleg utgåve.[7]
Rolleliste
[endre | endre wikiteksten]Roller | Engelske stemmer[8] | Norske stemmer[9] | Samiske stemmer[10] |
---|---|---|---|
Anna | Kristen Bell | May Synnøve Kaspersen | Elin Kristina Oskal |
Elsa | Idina Menzel | Lisa Stokke | Marianne Pentha |
Kristoffer | Jonathan Groff | Thorbjørn Harr | Vegard Bjørsmo |
Olaf | Josh Gad | Gustav Nilsen | Anders Rimpi |
Iduna | Evan Rachel Wood | Christine Hals[11] | Eva Jeanette Iversen |
Stemma | Aurora Aksnes |
Handling
[endre | endre wikiteksten]Kong Runeard, grunnleggjaren og første konge av Arendell, opprettar ein traktat med tundrafolket for å byggje ein demning i heimlandet deira, den forheksa skogen. Likevel bryt ein strid laus og gjer vetta i skogen, som representerer elementa jord, eld, luft og vatn, rasande. Vetta blir borte og ein vegg av tåke legg seg over skogen. Son av Runeard, prins Agnarr, slepp så vidt unna med livet med hjelp frå ein ukjend redningsmann.
Tre år etter kroninga si, feirar dronning Elsa av Arendell haust i kongeriket saman med den yngre syster si, prinsesse Anna, snømannen Olaf, isskjeraren Kristoffer og reinsdyret hans, Svein. Når Elsa høyrer ei mystisk stemme kalle på henne, følgjer ho etter lyden og vekker utilsikta elementvetta, som tvingar alle i kongeriket til å evakuere. Trollhøvdingen Pabel og trollstammen blir merksame på situasjonen, og kjem til Arendell for å informere om at dei må bøte på tilstanden ved å finne sanninga om fortida til kongeriket.
Elsa, Anna, Olaf, Kristoffer og Svein følgjer den mystiske stemma og reiser til den forheksa skogen. Vindvettet, i form av ein tornado, dukkar opp og sugar følgjet inn i seg. Elsa stoppar det ved å fyra av straumar av snø, som skapar ein hop av isskulpturar. Systrene oppdagar at skulpturane er bilete frå fortida til faren deira og at Iduna, mora deira, var ei av tundrafolket som berga Agnarr. Dei møter tundrafolket og ein tropp arendellske soldatar som framleis er i konflikt med kvarandre. Eldvettet dukkar opp i form av ein opphissa salamander som Elsa roar ned. Elsa og Anna skipar ein våpenkvile mellom soldatane og tundrafolket, ved å forklare at mora deira var av tundrafolket og faren deira arendellsk. Elsa finn seinare ut om eit femte vette, som vil sameine menneska og magien i naturen.
Elsa held fram nordover med Anna og Olaf. Dei finn skipsvraket til foreldra og eit kart som viser veg til Ahtohallan, ei mytisk elv fortalt om av mora deira som vil innehalde alle forklaringar om fortida. Elsa får skyldkjensle for at foreldra vart tapte på havet, då dei leitte etter svar på dei magiske kreftene hennar. Ho bestemmer seg for å reise åleine og sender Anna og Olaf i tryggleik. Elsa møter og temmar nykken, vassvettet som vaktar havet som fører til Ahtohallan. Når ho kjem fram til Ahtohallan, oppdagar Elsa at stemma ho høyrde var kallet frå Iduna. Ho får vite at krafta hennar var ei gåve frå naturen fordi Iduna berga Agnarr i ei usjølvisk dåd, som gjer henne til det femte vettet som sameinar ulikskapar. Elsa tek på seg kappa til mora og finn ut at demningen vart bygd som eit knep for å svekke ressursane til tundrafolket, fordi Runeard mislikte tilknytinga dei hadde til magi, og at Runeard var den som starta konflikten ved å ta livet av leiaren av tundrafolket. Elsa bringer informasjonen til Anna før ho frys til, etter å ha dratt inn i den farlegaste delen av Ahtoallan, som i sin tur får Olaf til å kverve bort.
Anna får meldinga frå Elsa og konkluderer med at demningen må øydeleggast for at det skal kunne bli fred att. Anna finn og vekkar dei sovande gigantiske jordvetta, og lokkar dei mot demningen, som blir øydelagt av kampesteinar kasta av kjempane. Elsa tinar att og returnerer til Arendell, der ho stoggar ein flaum frå den øydelagde demningen. Samtidig som veggen av tåke forsvinn, blir Elsa sameint med Anna og gjenopplivar Olaf. Kristoffer frir til Anna, som seier ja. Elsa forklarer at ho og Anna no er brua mellom folket og dei magiske vetta. Anna blir dronning av Arendell, medan Elsa blir vernaren av den forheksa skogen.
Songar
[endre | endre wikiteksten]Engelsk versjon[12] | Norsk versjon[13] | Samisk versjon[14] |
---|---|---|
All is found Wood |
I elven finnes alt Hals |
Gávnnat buot Iversen |
Some things never change Bell, Menzel, Gad, Groff, Frozen 2 kor |
Livet går sin gang Krispersen, Stokke, Nilsen, Harr, Frost 2 kor |
Buot áššit rievdda eai Oskal, Pentha, Rimpi, Bjørsmo, Jikŋon 2 kor |
Into the unknown Menzel, AURORA |
I ukjent land Stokke, AURORA |
Amas mu vuordá Pentha, AURORA |
When I am older Gad |
Når jeg blir voksen Nilsen |
Go rávásnuvan Rimpi |
Reindeer(s) are better than people (cont.) Groff |
Reinsdyr er bedre enn folk (forts.) Harr |
Boazu lea buoret go olmmoš (joatkka) Bjørsmo |
Lost in the woods Groff |
Å gå seg vill Harr |
Láhpposis nu Bjørsmo |
Show yourself Menzel, Wood |
Vis deg frem Stokke, Hals |
Čájet mat Pentha, Iversen |
The next right thing Bell |
Neste rette ting Krispersen |
Daga de riekta fal Oskal |
Into the unknown (Panic! At the Disco-versjon) Panic! At the Disco | ||
All is found (Kacey Musgraves-versjon) Kacey Musgraves | ||
Lost in the woods (Weezer-versjon) Weezer |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Box Office Mojo (på engelsk), Wikidata Q223142, henta 27. desember 2019
- ↑ http://nmhh.hu/dokumentum/198182/terjesztett_filmalkotasok_art_filmek_nyilvantartasa.xlsx.
- ↑ https://www.cineplex.de/film/die-eiskoenigin-2/362224.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 https://www.boxofficemojo.com/releasegroup/gr1030181381/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 27. desember 2019.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/releasegroup/gr1030181381/; vitjingsdato: 27. desember 2019.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/date/2019-12-25/?ref_=bo_rl_table_34; vitjingsdato: 27. desember 2019.
- ↑ «Frost 2 kommer på samisk». NRK. 19. juli 2019. Arkivert frå originalen 8. september 2020. Henta 12. november 2019.
- ↑ Sharf, Zack; Sharf, Zack (13. februar 2019), «‘Frozen 2’ First Trailer: Elsa and Anna Return in Dazzling New Footage», IndieWire (på engelsk), henta 21. november 2019
- ↑ Lyng, Bjørn Martin (6. november 2019), «Disse har stemmer i den norske Frost 2-filmen», altaposten.no (på norsk bokmål), henta 21. november 2019
- ↑ «Frozen 2 / Northern Sami cast», CHARGUIGOU (på fransk), henta 21. november 2019
- ↑ Christine Hals - I elven finnes alt (Fra "Frost 2"/Audio Only) (på engelsk), henta 7. januar 2020
- ↑ «Frozen 2 (Original Motion Picture Soundtrack / Deluxe Edition) av Various Artists» (på svensk). Henta 28. januar 2020.
- ↑ «Frost 2 (Originalt Norsk Soundtrack/Deluxe Edition) by Various Artists» (på engelsk). Henta 2. februar 2020.
- ↑ «Jikŋon 2 (Originála Filmma Lávlagat) av Various Artists» (på svensk). Henta 28. januar 2020.