Hopp til innhald

Fluger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fluge)
Lågareståande fluger
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Tovenger Diptera
Underorden: Lågareståande fluger Brachycera
Macquart, 1834
Brystet, frå sida hos ei høgare fluge
Ryggsida hos ei høgare fluge

Fluger (Brachycera) er ei delgruppe av tovengene. Den andre delgruppa er myggar. Tovenger har berre eitt par venger, det bakerste vengeparet manglar, og er erstatta av to svingkøller. Fluger har generelt breiare, kraftigare kropp enn myggar.

Det er 81 familiar i Noreg, med omtrent 3 000 artar.

Flugene har ei kroppslengd frå 2 mm til ca. 60 mm. Kroppen består av tre kroppsavsnitt, hovudet, bakkroppen og brystpartiet. Kroppen kan ha fleire stive børstar (seta), og nokre artar er delvis hårkledde.

Fargane varierer frå svart til lyst gul. Brungule nyansar er vanleg, medan nokre har ein metallisk farge som oppstår ved lysbryting.

Bakkroppen

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste fluger har mellom fire og sju ledd i bakkroppen. Forplantningsorgana finst i eller delvis utanfor dei siste ledda. Hos hoene er dei innvendig i kroppen, medan dei hos hannen kan vera store og lett synlege.

Brystpartiet

[endre | endre wikiteksten]

Brystpartiet har tre segment som ein kallar prescutum, scutum og scutellum. På utsida av kroppen har ho hudplater, eit ytre skjelett, som heldt kroppen saman, på same måte som rustninga til ein soldat. Det er ikkje alltid like lett å sjå desse platene, sidan overgangane ofte kan vera dårleg synlege. Dei har namn etter plasseringa på kroppen.
Prescutum er lengst fram, like bak hodet. Her finst hudplatene humeral callus, meso pleuron og det første fotparet (1. coxa). Vengjene er òg plasserte her, på sida av kroppen.
Scutum er ryggsida på det midtste bryststykket. Her finn ein hudplatene ptero pleuron, sterno pleuron og festet for det midtste fotparet (2. coxa). Her finn ein òg svingkølla, rett bak vengja.
Scutellum er det bakarste brystsegmentet, eit trekanta bakoverretta stykke. Her finn me hudplatene mesoscutellum, postscutellum og hypo pleuron. Det bakarste fotparet er dessutan festa her.
Børster på brystpartiet. Desse børsterekkjene har namn, og er viktige når ein stadfestar artar. Namnet på børstene er ofte det same som det latinske namnet på den delen av kroppen (hudplaten) børstene er fest til. Oppe på ryggsiden kan det vera langsgåande rekkjer med børster. Den midtste rekkja heiter akrosticale børster, utanfor der dorsocentrale børster. Langs kanten finst det mindre grupper med børster, framfor nokre posthumerale børster, bakover, presuturale børster, notoplurale børster, alar børster og på scuttellumet finst ofte scutellare børster.

Insektfot

Vengjene er festa til det fremste brystsegmentet. Flugene høyrer til tovengene og har berre to venger i motsetnad til dei fleste andre insekt, som har to par. På det midtste er det to svingkøller der andre insekt normalt har bakvengene sine. Desse svingkøllene fungerer som balanseorgan under flyginga.

Vengjene kan vera gjennomskinlege, klåre eller røykfarga, ha flekkar og mønster. Nokre artar har fine hår på vengeoverflata. Bak vengefestet, i «armhola», sit det hjå somme artar vengeskjel ein kallar thoracalsquama.

Det er eitt par føter på kvart av dei tre brystsegmenta, til saman vert det seks føter. Føtene vert brukt til å gå med, men og for å fanga (halda) byttedyr, som hos dansefluger og andre. Utsjånaden kan variera mykje, men dei har dei vanlege ledda. Hofter (coxa), hoftering (trochanter), låret (femur), leggen (tibia) og føtene (tarsi), som vanlegvis består av fem ledd (tarser). Fotleddet nærmast leggen, vert kalla for «det første leddet» (basistarsi).

Det ytste vert gjerne kalla eit kloledd. Her er det vanlegvis eit par klør (unguiculus), slik at dei kan halda seg fast på klede og andre rue overflater. Desse kan vera ubetydelege, små, eller kraftige med store haker, som hos lusflugene. Det er og to små puter (pulvilli) på det siste fotleddet, desse fungerer litt som sugekoppar og har gjerne ei noko «klissete» overflate og gjer at fluger kan halda seg fast på glatte overflater, som ei vindusrute. Hos ei delgruppe av flugene er det i tillegg ei ekstra midtstilt «pute» (empodium) eller ein «hårbørste» (arolium).

Hovud av ei høgare fluge

Dei fleste flugene har børstar og hår på hovudet. Det er fleire markerte børstar som alle har eigne namn, etter plasseringa på hovudet. Plassering, tal og retning på desse har betydning ved artsbestemmelse av fluger.

  • Denne artikkelen bygger på «Fluge» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2006.
  • Andersson, H. 1991. Aktuell klassifisering av inhemska tvåvingar (Diptera), med svenska namn på familjerna. Ent. Tidskr. 112, side 49-52.
  • Borkent, A., McAlpine, J.F., Wood, D.M. og Woodley, N.E. 1989. Manual of Nearctic Diptera, Volume 3. Agriculture Canada, Research Branch, Ottawa.
  • Wiegmann, Brian M. og Yeates, David K., Brachycera Arkivert 2009-04-13 ved Wayback Machine., Tree of life web project.
  • Nilssen, A. C. 2003. Hvor langt kan insekter fly. Norsk entomologisk forening. Insekt-Nytt 28 (4), side 21-28
  • Ottesen, P.S. (red.) 1993. Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning ; 055, 40 sider.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]