Ficedula
Ficedula | |
Dvergflugesnappar, Ficedula parva, hannfugl i vinterdrakt Foto: Dhaval Vargiya
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Muscicapoidea |
Familie: | Flugesnapparfamilien Muscicapidae |
Underfamilie: | Saxicolinae |
Slekt: | Ficedula Brisson, 1760 |
Ficedula er ei biologisk slekt av insektetande fuglar, og slekta er medlem av flugesnapparfamilien, Muscicapidae. Leveområdet er generelt Eurasia, men eit fåtal av artane lever i område av Afrika sør for Sahara utanom hekketida.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dei 34[1] artane i den biologiske slekta Ficedula er ei gruppe av flugesnapparartar med generelt svært varierande og fargerike fjørdrakter.[2] Dei fleste artane har leveområde i Asia. Jamvel om denne gruppa av flugesnapparar har stor variasjon i utsjånad, er det somme morfologiske fellestrekk og felles levevis. Kroppsform og storleik er mykje einsarta. Typisk er dei 11-12 centimeter i total lengd, ytterpunkta er knøttflugesnappar, Ficedula hodgsoni, som kan vere 9 centimeter og siratflugesnappar, Ficedula strophiata som kan bli over 14 cm.[3]
Kjønnsdimorfisme er typisk for slekta, unnataket er artane sumbaflugesnappar, Ficedula harterti og skuggeflugesnappar, Ficedula crypta, begge øyartar. Kjønna er like òg hos rusthaleflugesnappar, Ficedula ruficauda i Himalaya og India. Somme artar syner òg monaleg skilnad mellom kjønna i storleik, slik at hannar har lengre vengfjører og halefjører enn hoer.[2] Hoene er generelt i meir kamuflerande farger enn hannar og manglar ofte preg av draktmønster.
Fjørdrakta syner variasjonar over fleire tema. I Europa og Afrika lever fire artar i gruppa der hannar har eit svartkvitt draktmønster. Hoene hos desse artane har erstatta svart eller nær svart med brungrått, men er elles i same mønster som hannar. Ein av desse artane er svartkvit flugesnappar, Ficedula hypoleuca, dei andre er balkanflugesnappar, Ficedula semitorquata, atlasflugesnappar, Ficedula speculigera og halsbandflugesnappar, Ficedula albicollis. I Asia finn ein òg ein art i svartkvitt: kvitbrynflugesnappar, Ficedula westermanni, men hoa har annleis draktmønster enn hannen, ho manglar kvit augebrynsstripe og kvit flekk på vengen.[3]
Ultramarinflugesnappar, Ficedula superciliaris, i Asia, har ein annan draktvariant som liknar dei svartkvite artane i Europa og Afrika. Hannen har djupt blått i det svarte på oversida, hoa er utan mønster, meir eller mindre gråbrun over det heile, med lysare underside enn overside.[3] Dei fleste artane i gruppa[note 1] som er knytt til Himalaya, har slik som ultramarinflugesnappar, noko blått eller blygrått i fjørdrakta hos hannar.[3]
Hannar av tre artar har oransje i strupe eller brystområdet, er elles i grått, brunt og kvitt. Desse er dvergflugesnappar, Ficedula parva, taigaflugesnappar, Ficedula albicilla og siratflugesnappar, Ficedula strophiata. Både hoene og hannar utanom hekkesesongen har mindre iaugefallande drakt hos dei tre artane.[3]
Mange artar i Søraust-Asia har raudbrun underside til midt under buken, attanfor kvit; og mykje mørk overside, mellom anna mugimakiflugesnappar, Ficedula mugimaki og skiferryggflugesnappar, Ficedula sordida. Hoene er langt mindre fargerike.[3]
Mange, men ikkje alle er langdistansetrekkfuglar, andre gjer vertikale trekk. 15 av artane er standfuglar, inkludert dei som lever på øyar i Søraust-Asia.[3]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Ein finn flest artar og variasjon i sørlege og austlege Asia og her er òg dei mest fargerike artane representerte. Unnatak er dei fire artane i Europa og Afrika med svartkvite fjørdrakter hos hannar. Ein art som er vanleg i sentrale og austlege Europa inkludert Sør-Sverige og Sør-Finland, men overvintrar på det indiske subkontinentet, er dvergflugesnappar.
Eit fåtal dannar ei undergruppe som er endemiske for Filippinane og Wallacea.[note 1] Gruppa inkluderer damarflugesnappar, Ficedula henrici, tanimbarflugesnappar, Ficedula riedeli, luzonflugesnappar, Ficedula disposita og palawanflugesnappar, Ficedula platenae.
Blant Ficedula-artane finn ein berre svartkvit flugesnappar som vanleg hekkefugl i Noreg. I hekketida kan han treffast over hele landet, minst vanleg i dei to nordlegaste fylka. Dvergflugesnappar er ein sjeldan og uregelmessig hekkefugl i Noreg, til dømes var det ei kjend hekking i Oslo i 2017. Det finst færre enn 15 registreringar av halsbandflugesnappar etter år 2000. Sikre observasjonar av andre Ficedula-artar i landet er ikkje kjende.[4]
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Ficedula i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Gruppering etter geografisk utbreiing, i same rekkefølge:[note 1]
- Fire artar som hekkar i Aust-Asia, overvintar i Søraust-Asia
- Solflugesnappar, Ficedula zanthopygia, Korean Flycatcher, Hay, 1845, (LC)
- Mingflugesnappar, Ficedula elisae, Green-backed Flycatcher, Weigold, 1922, (LC)
- Narsissflugesnappar, Ficedula narcissina, Narcissus Flycatcher, Temminck, 1835, (LC)
- Mugimakiflugesnappar, Ficedula mugimaki, Mugimaki Flycatcher, Temminck, 1835, (LC)
- Artar knytt til Himalaya, dels høgdmigrantar, nokre dels konvensjonelle trekkfuglar, mange i stor grad standfuglar
- Skiferryggflugesnappar, Ficedula sordida, Slaty-backed Flycatcher, Verreaux, 1871, (LC)
- Svarthovudflugesnappar, Ficedula nigrorufa, Black-and-rufous Flycatcher, Jerdon, 1839, (NT)
- Lazuliflugesnappar, Ficedula tricolor, Slaty-blue Flycatcher, Hodgson, 1845, (LC)
- Auroraflugesnappar, Ficedula hyperythra, Snowy-browed Flycatcher, Blyth, 1843, (LC)
- Knøttflugesnappar, Ficedula hodgsoni, Pygmy Flycatcher, Moore, 1854, (LC)
- Siratflugesnappar, Ficedula strophiata, Rufous-gorgeted Flycatcher, Hodgson, 1837, (LC)
- Safirflugesnappar, Ficedula sapphira, Sapphire Flycatcher, Blyth, 1843, (LC)
- Kvitbrynflugesnappar, Ficedula westermanni, Little Pied Flycatcher, Sharpe, 1888, (LC)
- Ultramarinflugesnappar, Ficedula superciliaris, Ultramarine Flycatcher, Jerdon, 1840, (LC)
- Rusthaleflugesnappar, Ficedula ruficauda, Rusty-tailed Flycatcher, Swainson, 1838, (LC)
- Trekkfuglartar i Eurasia, overvintrar i Afrika eller i sørlege Asia
- Taigaflugesnappar, Ficedula albicilla, Taiga Flycatcher, Pallas, 1811, (LC)
- Kashmirflugesnappar, Ficedula subrubra, Kashmir Flycatcher, Hartert & Steinbacher, 1934, (VU)
- Dvergflugesnappar, Ficedula parva, Red-breasted Flycatcher, Bechstein, 1792, (LC)
- Balkanflugesnappar, Ficedula semitorquata, Semicollared Flycatcher, Homeyer, 1885, (NT)
- Svartkvit flugesnappar, Ficedula hypoleuca, European Pied Flycatcher, Pallas, 1764, (LC)
- Atlasflugesnappar, Ficedula speculigera, Atlas Flycatcher, Bonaparte, 1850, (NR)
- Halsbandflugesnappar, Ficedula albicollis, Collared Flycatcher, Temminck, 1815, (LC)
- Standfuglar på øyar i Filippinane og Wallacea
- Tanimbarflugesnappar, Ficedula riedeli, Tanimbar Flycatcher, Büttikofer, 1886, (LC)
- Raudbrystflugesnappar, Ficedula dumetoria, Rufous-chested Flycatcher, Wallace, 1864, (NT)
- Palawanflugesnappar, Ficedula platenae, Palawan Flycatcher, Blasius, 1888, (VU)
- Luzonflugesnappar, Ficedula disposita, Furtive Flycatcher, Ripley & Marshall, 1967, (NT)
- Raudstrupeflugesnappar, Ficedula rufigula, Rufous-throated Flycatcher, Wallace, 1865, (NT)
- Damarflugesnappar, Ficedula henrici, Damar Flycatcher, Hartert, 1899, (NT)
- Molukkflugesnappar, Ficedula buruensis, Cinnamon-chested Flycatcher, Hartert, 1899, (LC)
- Lompobattangflugesnappar, Ficedula bonthaina, Lompobattang Flycatcher, Hartert, 1896, (EN)
- Sumbaflugesnappar, Ficedula harterti, Sumba Flycatcher, Siebers, 1928, (LC)
- Bandflugesnappar, Ficedula timorensis, Black-banded Flycatcher, Hellmayr, 1919, (NT)
- Skiferflugesnappar, Ficedula basilanica, Little Slaty Flycatcher, Sharpe, 1877, (VU)
- Skuggeflugesnappar, Ficedula crypta, Cryptic Flycatcher, Vaurie, 1951, (LC)
- Bundokflugesnappar, Ficedula luzoniensis, Bundok Flycatcher, Ogilvie-Grant, 1894, (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Robert G.Moyle, Peter A.Hosner, Andrew W.Jones, Diana C.Outlaw Phylogeny and biogeography of Ficedula flycatchers, Molecular Phylogenetics and Evolution (2015) Vol: 82 Pt A, Issue: PA, Page: 87-94 https://doi.org/10.1016/j.ympev.2014.09.029
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017
- ↑ 2,0 2,1 Taylor, B. (2018). Old World Flycatchers and Chats (Muscicapidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 19. mai 2018
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 (2018). Søk på artar i slekta Ficedula i: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table', henta 19. mai 2018
- ↑ Søk på artsobservasjoner.no
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- Notar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Moyle et al, 2015, gjev ei fylogenetisk hypotese som viser fire geografisk samanhengande kladar innanfor slekta Ficedula. Artslista her følger denne grupperinga i stor grad. Eit unntak, mugimakiflugesnappar som under blir lista saman med dei andre tre andre artane som hekkar lengst aust i Asia. Men rekkefølga er den same som i kjelda, Clementslista.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Diana C. Outlaw, Morphological evolution of some migratory Ficedula flycatchers, Contributions to Zoology, 80 (4) – 2011, henta frå http://www.ctoz.nl/vol80/nr04/a05 Arkivert 2015-12-12 ved Wayback Machine. 19. mai 2018