Hopp til innhald

Fakkel i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fakkel med bilete av Jupiter og jorda til samanlikning.
Videoklipp av ein fakkel

Ein fakkel i astronomi eller fotosfærisk fakkel er eit område på soloverflata som er ljosare enn fotosfæren. Ein ser dei som regel omkring solflekkar og er best synlege nær solranda. Kromosfæriske faklar er flekkar eller nettverk av ljose områder i kromosfæren, synlege i hydrogen- og kalsiumlys. Dei lyse elementa av kromosfæriske fakler vert ofte kalla flocculi.

Dei lange, mørke, trådliknande strukturane som viser seg på monokromatiske bilete av sola vert kalla filament.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fakkel i astronomi