Elva Oise
Oise | |||
elv | |||
Båtar på Oise, Charles-François Daubigny, 1865.
| |||
Land | Frankrike, Belgia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 17 000 km² | ||
Lengd | 302 km | ||
Middelvassføring | 110 m³/s | ||
Kjelde | Hainaut | ||
• høgd | 309 moh. | ||
Munning | Seinen | ||
Elva Oise 49°59′48″N 4°20′42″E / 49.99658°N 4.3449°E | |||
Wikimedia Commons: Oise River |
Oise er ei elv i Belgia og Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå høgre med ei total lengd på 302 km. Ho har sitt utspring i den belgiske provinsen Hainaut, sør for landsbyen Chimay. Ho kryssar grensa til Frankrike etter om lag 20 km og munnar ut i Seinen i Conflans-Sainte-Honorine, nær Paris. Den største sideelva hennar er Aisne.
Busetnadar langs elva
[endre | endre wikiteksten]Oise renn gjennom følgjande département og landsbyar i Frankrike:
- Aisne: Hirson, Guise, Chauny
- Oise (kalla opp etter elva): Noyon, Compiègne, Creil
- Val-d'Oise (kalla opp etter elva): Auvers-sur-Oise, Pontoise, Cergy, Jouy-le-Moutier
- Yvelines: Conflans-Sainte-Honorine
Skipsfart
[endre | endre wikiteksten]Oise har lenge spelt ei viktig rolle i innlands skipsfart. Ho vil verte ein enno viktigare vassveg når kanalen Seine-Nord vert ferdig, som knyter Oise opp til det store kanalsystemet i Nord-Frankrike. Seine-Nord vil erstatte den gamle Canal de Saint Quentin og den noverande Canal du Nord, som har kapasitet som er langt under standard. Når den nye Seine-Nord-kanalen er ferdig vil større fartøy kunne transportere varer mellom elva Seinen (og Paris-området) og hamnene i Dunkerque, Antwerpen og Rotterdam, eller lenger inn i andre delar av Europa.
Sjølv i dag er Oise kanalisert for å ta store fartøy, men tørke og den frie høgda under bruene avgrenser kapasiteten. Dei sju slusene (i tillegg til to i kanalen frå Oise) kan ta fartøy på 110 gonger 11,45 meter gjennom elva og kanalen til Pont l'Évêque, der ho går ut i Canal du Nord. Lenger opp i elva frå Pont l'Évêque, ligg det ein kanal som har kapasitet avgrensa til Freycinet-standarden (38 x 5 meters).
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Høgre side
[endre | endre wikiteksten]Venstre side
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Oise River frå Engelsk Wikipedia .