Dulcimer
Dulcimer | |||
| |||
Andre namn | Cimbalom Dulcimer Four-hammer dulcimer Hammer dulcimer de: Hackbrett it: Salterio es: Dulcémele uk: Tsymbaly pl: Cymbały fa: Santoor, Santur fr: Tympanon zh: Yangqin ko: Yanggeum kh: ឃឹម Khim vi: Tam Thập Lục th: ขิม Khim tt: чимбал çimbal | ||
---|---|---|---|
Klassifisering | verkelege bordsiterar med resonanskasse, Dulcimer, hammered chordophone | ||
Hornbostel-Sachs klassifisering | 314.122-4 (Simple chordophone sounded by hammers) |
isk Dulcimer (eller hammardulcimer) er eit perkusjonsinstrument med strenger som typisk er trekte over eit trapesforma resonant lydbord. Dulcimeren blir stilt framfor musikaren, som i nokre tradisjonelle former kan sitja med beina i kross på bakken eller i meir moderne stilar kan stå eller sitja på eit møbel. Spelaren nyttar ein lita skeiforma hammar i kvar hand til å slå på strengene. Det gresk-romerske ordet dulcimer ('søt song') er avleidd frå latin dulcis ('søt') og gresk melos ('song'). Dulcimer, der ein slår strengene med små hamrar, stammar frå psalter, der ein plukkar strengene.[1]
Dulcimer og liknande instrument er utbreidde i tradisjonell musikk frå Irak, India, Iran, Sørvest-Asia, Kina, Korea og delar av Søraust-Asia, Sentral-Europa (Ungarn, Slovenia, Romania, Slovakia, Polen, Tsjekkia, Sveits (særleg Appenzell), Austerrike og Bayern), Balkan, Aust-Europa (Ukraina og Belarus) og Skandinavia. Det blir også spelt i Storbritannia (Wales, East Anglia, Northumberland) og USA, der bruken i folkemusikk tok seg opp på slutten av 1900-talet.[2]
Dulcimer blei mykje brukt gjennom mellomalderen i England, Frankrike, Italia, Tyskland, Nederlands og Spania. Instrumentet hadde ulike namn i kvart land, men blei overalt rekna som ein type psalterium. Ein såg med tida ein skilnad i måten å laga lyd på med dulcimer, der ein sette strengene i vibrasjon med hammarar, og psalterium, der ein plukka dei. Dulcimer gav opphav til piano, medan psalterium blei vidareutvikla til cembalo.[3]
Det finst versjonar av hammerdulcimer frå heile verda, som kvar har sin eigen distinkte konstruksjons- og spelestil:
- Afghanistan – santur
- Austerrike – Hackbrett
- Bangladesh – santoor
- Belarus – tsymbaly (цымбалы)
- Belgia – hakkebord
- Brasil – saltério
- Kambodsja – khim
- Canada – hammered dulcimer
- Kina – yangqin (扬琴, tidlegare 洋琴)
- Kroatia – cimbal, cimbale, cimbule
- Tsjekkia – cimbál
- Danmark – hakkebræt
- Frankrike – tympanon
- Tyskland – Zymbal, Hackbrett
- Hellas – santouri
- India – santoor
- Iran – santur
- Irak – santur
- Irland – tiompan
- Israel – דולצימר פטישים
- Italia – salterio
- Japan – darushimaa (ダルシマー)
- Jiddisk – tsimbl
- Korea – yanggeum (양금)
- Laos – khim
- Latvia – cymbala
- Latvia – cimbole
- Litauen – cimbalai, cimbolai
- Mexico – salterio
- Mongolia – yoochin (ёочин eller ёчин)
- Nederland – hakkebord
- Noreg – hakkebrett
- Pakistan – santoor
- Poland – cymbały
- Portugal – saltério
- Romania – ţambal
- Russland – цимбалы, dultsimer (дульцимер)
- Serbia – цимбал (tsimbal)
- Slovakia – cimbal
- Slovenia – cimbale, oprekelj
- Spania (og spanskspråklege land) – salterio, dulcémele
- Storbritannia – hammered dulcimer
- Sverige – hackbräde, hammarharpa
- Sveits – Hackbrett
- Thailand – khim
- Tyrkia – santur
- Tibet - rgyud-mang (རྒྱུད་མང་, bokst. 'mange strenger')
- Ukraina – tsymbaly (цимбали)
- Ungarn – cimbalom
- USA – hammered dulcimer
- Usbekistan – chang
- Vietnam – đàn tam thập lục (bokst. '36 strenger')
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Definition of DULCIMER». Merriam-Webster, Incorporated. Henta 29 July 2012.
- ↑ Groce, Nancy. The Hammered Dulcimer in America. Washington, DC: Smithsonian, 1983, s. 72-73.
- ↑ "James Oswald (1711–1769)". Oxford Dictionary of National Biography. Accessed March 15, 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Hammered dulcimer» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gifford, Paul M. (2001), The Hammered Dulcimer: A History, The Scarecrow Press, Inc. ISBN 0-8108-3943-1
- Kettlewell, David (1976), The Dulcimer, doktoravhandling. Nettversjon.