Hopp til innhald

Dryna

Koordinatar: 62°38′52″N 06°32′25″E / 62.64778°N 6.54028°E / 62.64778; 6.54028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dryna
Dryna Foto: Øystein H. Brekke
Dryna
Foto: Øystein H. Brekke
Geografi
Stad Romsdal
Koordinatar 62°38′52″N 06°32′25″E / 62.64778°N 6.54028°E / 62.64778; 6.54028

Areal 1,7 km²

Høgaste punkt Drynjahatten (200 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Dryna er den vestlegaste øya i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho ligg vest for Midøya som ho har brusamband med.

I sør ligg Midfjorden, den ytste delen av Romsdalsfjorden. På nordsida ligg Harøyfjorden.

Øya var del av Borgund kommune fram til 1849, Skodje kommune frå 1849 til 1902, så Vatne kommune fram til 1965, då ho vart del av Midsund kommune. I 2020 vart den kommunen slått saman med Molde.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
1801[1] 1900[2]
11 14
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.