Hopp til innhald

D/S «Søndhordland»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS «Søndhordland»)

Frå hamna på Leirvik på Stord i 1930. Inst ligg DS «Rosendal», DS «Ullensvang», DS «Søndhordland» og DS «Hordaland»
Karriere  Noreg
Namn: DS «Søndhordland»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted AS
Verftsnummer: 25
Sett i teneste: 1880 (for HSD)
Teke ut av teneste: 1949
Kjennemerke: JPBR/LFAO
Karriere  Noreg
Namn: DS «Skarholmen»
Eigar: Sigvald Waagen
Overdratt: 1949
Lagnad: Opphogd 1955
Generelle mål
Tonnasje: 105 brt
67 nrt
1884: 154 brt, 108 nrt
Lengd: 29,30 m
1884: 35,40 m
Breidd: 5,00 m
Djupgang: 2,40 m
Installert effekt : 35 nhk
Framdrift: 2cyl.Comp
Generelle mål etter ombygging i 1884
Tonnasje: 154 brt
108 nrt
Lengd: 35,40 m
Breidd: 5,00 m
Djupgang: 2,40 m

D/S «Søndhordland» er eit dampskip bygt i 1872 for Det Søndhordlandske Dampskibsselskab. Den første kapteinen for skipet var kaptein Simonsen som òg var ein av initiativtakarane til å skipe selskapet.

Skipet vart seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) i 1880 og i 1884 vart skipet forlenga frå 29,30 m til 35,40 m. Skipet var i teneste hos HSD til 1949, då det vart seld til Sigvald Waagen på Askøy og i Bergen og det vart omdøypt til DS «Skarholmen». I 1955 var det seld til opphogging.