Claude Elwood Shannon
Claude Elwood Shannon | |||
| |||
Fødd | 30. april 1916 Michigan, USA | ||
---|---|---|---|
Død | 24. februar 2001 Massachusetts, USA | ||
Bustad | USA | ||
Statsborgarskap | Amerikansk | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | sannsynsrekning, elektroteknikk, informasjonsteori, kybernetikk, kryptografi | ||
Yrke | matematikar, kryptograf, informatikar, oppfinnar, universitetslærar, ingeniør, genetikar | ||
Institusjonar | Massachusetts Institute of Technology Bell Labs Institute for Advanced Study | ||
Alma mater | University of Michigan Massachusetts Institute of Technology Gaylord High School | ||
Doktorgradsrettleiar | Frank Lauren Hitchcock | ||
Doktorgradsstudentar | Ivan Sutherland Bert Sutherland Heinrich Ernst | ||
Kjend for | Informasjonsteori Nyquist–Shannons samplingsteorem Shannon-Weaver-modellen | ||
Ektefelle | Betty Shannon, Norma Barzman | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina American Philosophical Society National Academy of Sciences Royal Society | ||
Religion | Ateist |
Claude Elwood Shannon (30. april 1916–24. februar 2001) var ein USA-amerikansk matematikar og informasjonsteoretikar. Han blir rekna som grunnleggjaren av informasjonsteorien med ein artikkel utgjeven i 1948.
I 1932 vart han oppteke ved University of Michigan, der han tok eit kurs som introduserte han til arbeid av George Boole. Han vart uteksaminert i 1936 med to bachelorgradar, ein i elektroteknikk og ein i matematikk. Deretter byrja han ved Massachusetts Institute of Technology (MIT), der han blant anna arbeidde med ein analog datamaskin.
Allereie i 1937, som 21-årig mastarstudent ved MIT, skreiv han ei avhandling som viser at elektrisk bruk av boolsk algebra kunne nyttast til å konstruere og løyse ein kva som helst logisk, numerisk samanheng. På grunn av dette er han tilskriven som grunnleggjar av både datamaskinteori og digital kretsteori. I følgje nokon var dette den viktigaste, og òg den mest berømte, masteravhandlinga på 1900-talet. Shannon publiserte i 1948 ein generell teori som dannar grunnlaget for seinare arbeid innan informasjonsteorien, der han innførte eit mål for informasjon, bit, og frå dette utgangspunktet studerte overføringskapasiteten av kommunikasjonssystem, metodar for optimal koding av signal og informasjonsinnhaldet i ulike meldingstypar.
Samplingsteoremet
[endre | endre wikiteksten]Formelt heiter teoremet Nyquist–Shannons samplingsteorem, og det lyder:
Viss ein funksjon x(t) ikkje inneheld frekvensar høgare enn B Herz, så er han fullt avgjort ved å angje ordinatane som ein serie av punkt som ligg 1/(2B) sekund frå kvarandre.
Det gjev utvekslingsforholdet mellom bandbreidde, støy og signal i ein transimisjonskanal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Claude Elwood Shannon» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2011.