Carles Puigdemont
Carles Puigdemont | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 29. desember 1962 (61 år) Amer |
Yrke | politisk aktivist, journalist, politikar, filmskodespelar |
Språk | spansk, engelsk, fransk, rumensk, katalansk |
Politisk parti | Junts per Catalunya |
Medlem av | Col·legi de Periodistes de Catalunya, Joventut Nacionalista de Catalunya, Council for the Republic, Consell de Govern (Consell per la República) |
Religion | Christian atheism |
Far | Xavier Puigdemont Oliveras |
Mor | Núria Casamajó Ruiz |
Ektefelle | Marcela Topor |
Nettstad | http://www.carlespuigdemont.cat/ |
Carles Puigdemont på Commons |
Carles Puigdemont Casamajó (fødd 29. desember 1962) er ein spansk politikar. Han var President de la Generalitat de Catalunya, øvste politiske leiar av Catalonia, tidlegare ordførar i Girona. Han snakkar katalansk, spansk, engelsk, fransk og rumensk.
Han er fødd i Amer (la Selva) 29. desember 1962, og bur i Girona, er gift og har to barn. Han har ein grad i katalansk filologi frå Universitetet i Girona og har hatt ein karriere som journalist i El Punt, der han etterkvart blei redaktør, og sjefsredaktør i Catalonia Today, ei dagsavis på engelsk som han var med på å starta.
Utanom den tida han var direktør for Kulturhuset i Girona (2002-2004), har han alltid vore tilsett i spanske media. Han har vore aktiv i politikken sidan han første gong blei nominert som kandidat for partiet CiU i november 2006, då blei han vald inn for Girona i parlamentet for Catalonia. Som parlamentsmedlem har han vore leiar for Kultur- og språkkommisjonen og medlem i Aksjonen for utanriks og EU-relasjonar, og Kommisjonen for ungdomspolitikk.
Puigdemont blei sidan ordførarkandidat for nasjonalistane i Girona både i 2007 og 2011. I 2011 blei han den første ikkje-sosialistiske ordføraren i landet så lenge det har vore demokratisk. I ordførartida hans var han medlem i styret i Association of Municipalities for Independence (AMI), leiar i Komiteen for kulturhistorisk arv, president i den Spanske føderasjonen for kommunar og provinsar (FEMP) og visepresident i det katalanske kommuneforbundet. I lokalvalet i mai 2015 fekk han fornya tillit som ordførar. Frå juli 2015 til januar 2016 var han president i Association of Municipalities for Independence (AMI).
12. januar 2016 blei han offisielt innsett som den 130. presidenten i Catalonia.
I eit ekstraordinært møte på ettermiddagen den 27. oktober 2017 erklærte det katalanske parlamentet at regionen er ein sjølvstendig republikk. Ein time etter tok senatet i Spania over styringa av regionen, i tråd med paragraf 155 i den spanske grunnlova. Regjeringa og president Carles Puigdemont blei avsett fordi dei har arbeidt for å skilja Catalonia frå Spania, noko som er ulovleg etter grunnlova. Senatet i Madrid utlyste samstundes nyval i regionen 21. desember.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carles Puigdemont i Casamajó» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2016.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 26. september 2016, henta 27. oktober 2017