Billy Powell
Utsjånad
Billy Powell | |||
Powell i 2007 | |||
Fødd | 3. juni 1952 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Corpus Christi i Texas i USA | ||
Død | 28. januar 2009 (56 år) | ||
Dødsstad | Orange Park i Florida i USA | ||
Fødenamn | William Norris Powell | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1970–2009 | ||
Sjanger | Southern rock, hardrock, countryrock, bluesrock | ||
Instrument | Piano, synthesizer, orgel, hammondorgel | ||
Tilknytte artistar | Lynyrd Skynyrd, Kid Rock, .38 Special (band) | ||
Plateselskap | MCA | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
William Norris «Billy» Powell (3. juni 1952–28. januar 2009) var ein USA-amerikansk musikar og lenge klaverspelar i southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd frå 1972 til han døydde i 2009.
Powell starta som turnéarbeidar for Lynyrd Skynyrd og var med dei ikring to år, før han sette seg ned ved eit piano og spelte ein pianobasert versjon av «Free Bird». Bandet forstod då at han var dugande og tilbaud han ei stilling som klaverspelar.[1]
I 2007, to år før han døydde, spelte Powell piano på Kid Rock-songen «All Summer Long.»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Billy Powell» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rivadavia, Eduardo (28. januar 2015). «Six Years Ago: Lynyrd Skynyrd Pianist Billy Powell Dies». ultimateclassicrock.com. ultimateclassicrock.com. Henta 14. september 2018.