Benoît David
Benoît David | |||
David med Yes i Brasil i 2010 | |||
Fødd | 19. april 1966 (58 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Montreal i Quebec i Canada[1] | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 1981-2013 | ||
Sjanger | Progressiv rock, poprock | ||
Instrument | Vokal, gitar, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Mystery, Yes | ||
Plateselskap | Unicorn Digital | ||
Verka som | Musikar |
Benoît David (fødd 19. april 1966) er ein canadisk progressiv rock-vokalist, mest kjend som tidlegare vokalist for Yes. Han starta samarbeidet sitt med bandet som gjestevokalist under «In The Present»-turneen i 2008–2009. David vart 15. oktober 2009 presentert som offisielt medlem av Yes. Han slutta i bandet i februar 2012, etter at han fekk problem med stemma Europa-turnen til bandet hausten og vinteren 2011.[2]
Han er òg medlem av bandet Mystery, og var frå 1994 til 2009 med i Yes-coverbandet Close to the Edge.[3]
Benoît David var våren og sommaren 2010 med på USA-turneen til Yes, og bandet starta hausten 2010 innspelingar av albumet Fly from Here med David som vokalist. Albumet vart gjeve ut sommaren 2011.[4] Han er òg vokalist på konsertalbumet In the Present – Live from Lyon, som vart spelt inn i desember 2009 og gjeve ut i november 2011.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Yes
[endre | endre wikiteksten]- 2011 Fly from Here
- 2011 In the Present – Live from Lyon (konsertalbum)
Mystery
[endre | endre wikiteksten]- 2007 Beneath the Veil of Winter's Face
- 2010 One Among the Living
- 2012 The World is a Game
- 2014 Tales from the Netherlands (konsertalbum)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Benoît David» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Tiano, Mike (26. november 2008). «Conversation med Benoit David». Notes from the Edge (Issue 309). Henta 17. juli 2012.
- ↑ Noise11.com – «Yes Recruit Another New Singer», 8. februar 2012.
- ↑ ctte.net
- ↑ YesWorld.com – «YES Signs New Worldwide Recording Deal with Frontiers Records»