Hopp til innhald

Bajan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bajan

Klassifiseringkromatisk knappetrekkspel
Hornbostel-Sachs klassifisering421.221-12

Bajan er ein type trekkspel frå Russland. Det er eit kromatisk knappetrekkspel som blei utvikla tidleg på 1900-talet, og er kalla opp etter den legendariske skalden Bojan.[1]

Trekkspelet kom til Russland på 1850-talet. Instrumentet blei laga i fleire ulike typar, og blei raskt så populære at dei fortrengde andre folkemusikkinstrument. På slutten av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet kom det russiske trekkspelet, bajan, med omvend knappestilling. Det er ofte eit trerada trekkspel, og har annleis lyd frå vestlege trekkspel både i diskant og bass.

  1. «Bayan - Russian button accordion - баян». Barynya.com. Arkivert frå originalen 17. desember 2017. Henta 28. januar 2017.