Amgun
Utsjånad
Amgun | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 55 500 km² | ||
Lengd | 723 km | ||
Middelvassføring | 500 m³/s | ||
Munning | Amur | ||
Amgun 51°42′04″N 136°42′22″E / 51.701°N 136.706°E | |||
Wikimedia Commons: Amgun |
Amgun (russisk Амгу́нь; evenkisk Амӈун; giljakisk Ӽ ыӈгр) er ei elv i Khabarovsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Amur frå venstre. Elva er 723 km lang og har eit nedslagsfelt på 55 500 km². Elva har ei middelvassføring på 500 m³/s.
Amgun startar der elvane Suluk og Ajakit renn saman i Bureinskogofjella. Det er over 2500 innsjøar i nedslagsfeltet hennar med eit samla areal på 647 km². Elva renn gjennom eit område med taiga og permafrost. Den største sideelva hennar er Nimelen. Amgun er farbar 330 km oppover frå Amur. Elva er rik på fisk, mellom anna stør og laks.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Амгунь» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.