Tolvstrengsgitar
Tolvstrengsgitar | |||
Tolvstrengsgitar frå Yamaha | |||
Strengeinstrument | |||
---|---|---|---|
Klassifisering | gitar | ||
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.322, kordofon | ||
Speleregister | |||
Tolvstrengsgitar er ein gitar med tolv strenger i seks strengekor, der strengene er parvis stemte i same tone, men med ein oktavs avstand. Strengene er vanligvis arrangerte slik at den lysaste strengen i strengekoret står nedst. Standardstemminga for gitaren er elles som på ein ordinær gitar; E-A-D-G-H-E. Oppsettet gjev ein rikare og meir syngande lyd enn ein standard gitar.[1]
Avstanden mellom strengene i kvart kor er liten, og dei blir haldne nede samtidig som ei eining. Halsen på tolvstrengsgitarar er noko breiare enn på vanlege gitarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Opphavet til gitaren er ikkje heilt sikker,[2] men han er mest truleg avleidd frå meksikanske instrument som bandolón, guitarra séptima, guitarra quinta huapanguera og bajo sexto.[3]
På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var tolvstrengsgitarar rekna som kuriositetsinstrument i USA.[4] Gitaren blei ikkje ein del av blues eller amerikansk folkemusikk før på 1920- og 1930-åra, då den fyldige lyden deira[3] gjorde dei ideelle som akkompagnment for songarar som Lead Belly og Blind Willie McTell.[2] Seinare har han blitt brukt til nokre typar folk, rock, jazz og pop. Læresveinen til Lead Belly, Fred Gerlach, tok instrumentet inn i folkemusikken. I førstninga blei han hovudsakleg brukt til akkompagenment. Seinare på 1900-talet byrja fleire musikarar å spela soloar på instrumentet, som Leo Kottke, Peter Lang, John McLaughlin, Larry Coryell og Ralph Towner. Delta blues-gitarvirtuosen Robert Lockwood Jr blei gjeven ein handlaga akustisk tolvstrengsgitar av ein japansk instrumentmakar på slutten av 1960-talet, og hadde deretter dette som hovudinstrument.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Twelve String Power». frets.com. Henta 15. november 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «FRETS.COM». Frets.com. Arkivert frå originalen 6. mai 2018. Henta 6. mai 2018.
- ↑ 3,0 3,1 See, Derek; "1930s Stella 12-String"
- ↑ «The Birth of the American 12-string Guitar by Gregg Miner». Harpguitars.net. Henta 19. april 2021.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tolvstrengsgitar» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2021.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Twelve-string guitar» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2021.