Modica
Modica | |||
by | |||
Borga i Modica
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Sicilia | ||
Provins | Ragusa | ||
Del av | seinbarokkbyar i Val di Noto | ||
Areal | 292,37 km² | ||
Folketal | 53 503 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Pietro Torchi Lucifora | ||
Postnummer | 97015 | ||
Retningsnummer | 0932 | ||
Modica 36°52′02″N 14°45′41″E / 36.867222222222°N 14.761388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Modica |
Modica (gresk Μότουκα Mótoyka, latin: Mutyca eller Motyca) er ein by i provinsen Ragusa på Sicilia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar.
Byen ligg i Ibleafjella og i lag med Val di Noto er han ein del av UNESCO sin verdsarv i Italia.
Historie
I følgje Thukydides vart byen grunnlagd i 1360 fvt. eller 1031 fvt. og vart busett av sicelar om lag 600-talet fvt. og seinare styrt frå Siracusa. Modica vart erobra av romarane etter slaget ved Dei egadiske øyane mot Kartago i punarkrigane 241 fvt. i lag med Siracusa og heile Sicilia. Han vart ein sjølvstendig municipium.
I 535 kasta den austromerske generalen Belisarius ut gotarane og byen vart underlagt Austromarriket. I 845 erobra arabarar Modica og han fekk namnet Mudiqah. I 1091 enda den langvarige krigen til normannarane, leia av Roger av Hauteville, mot arabarane med fallet til heile Val di Noto, den søraustlege delen av øya.
I 1296 vart Modica hovudstad i grevskapet Modica, som under Chiaramonte-familien vart ein velståande, delvis sjølvstyrt, stat som kontrollerte om lag den sørlege tredjeelden av øya. Dei hadde mellom anna retten til å prege sine eigne myntar. I 1693 vart området råka av eit jordskjelv som øydela heile Val di Noto.
Modica vart annektert til Italia i 1860 og var provinshovudstad fram til 1926 då han inkludert i provinsen Ragusa.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Modica» frå Wikipedia på engelsk, den 6. januar 2008.