Texas
Texas er ein delstat sørvest i USA, med grense til Mexico. Han er den nest største delstaten i landet, både i folkemengd og flatevidd. Austin er hovudstad medan Houston er den største byen i Texas.
Texas | |||
delstat | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA | ||
Hovudstad | Austin | ||
Areal | 696 241 km² | ||
• land | 678 907 km² | ||
• vatn | 17 333 km² | ||
Folketal | 28 304 596 (2017) | ||
Folketettleik | 42 / km² | ||
Guvernør | Greg Abbott | ||
Før innlemming | Republikken Texas | ||
Innlemma i USA | 29. desember 1845 | ||
Statsnummer | 28. | ||
Innbyggjarnamn | texanar | ||
Forkorting | TX | ||
Texas 31°N 100°W / 31°N 100°W | |||
Kart som viser Texas.
| |||
Wikimedia Commons: Texas | |||
Nettstad: texas.gov |
Historie
endreTexas var ein meksikansk delstat fram til 1836, då han erklærte sjølvstende. Etter fleire kampar blei Republikken Texas til. Han blei annektert av USA i 1845 og stykka opp i 1850, då ein tredel av staten blei delt ut til dagens Colorado, Kansas, New Mexico, Oklahoma og Wyoming, lausreiv seg frå USA igjen etter eit val i 1861, som del av den amerikanske borgarkrigen, og blei teken inn igjen i 1870.
Kjende personar frå Texas
endre- Dwight D. Eisenhower, USAs 34. president
- Lyndon B. Johnson, USAs 36. president
- George H.W. Bush, president i USA
- George W. Bush, president i USA
- Lance Armstrong, syklist og Tour de France-vinnar
- Buddy Holly, rockeartist og musiker
- Janis Joplin, musikar
- Roy Orbison, rock- og popartist
- Beyoncé Knowles, songar
- Jim Reeves, countryartist
- Tanya Tucker, countryartist
- Stevie Ray Vaughan, bluesmusikar
- Johnny Winter, bluesmusikar