Jon Kuvlung
(Omdirigert frå Jon Ingeson Kuvlung)
Jon Ingesson Kuvlung var ein norrøn leiar som hevda å vera ein son av kong Inge I Krokrygg. Han styrte i Vika frå 1185 til han vart felt av birkebeinane i Bergen i 1188. Jon hadde vore munk på Hovedøya, og tilnamnet «kuvlung» var eit spottenamn birkebeinarane nytta om flokken Kuvlungane (norrønt kufl tyder 'munkehette'). Kuvlungane vart slegne av kong Sverre ved Bergen i 1188 der Jon Kuvlung fall.
Jon Kuvlung | |||
Fødd | 12. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Død | 1188 Bergen | ||
Far | Inge I av Noreg |